Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 17. september 2010

Ein kjapp ein! :)

Først vil eg takke for masse hyggelige tilbakemeldingar:) Kjekt at de liker det eg skriv! :)
Så i kveld skriv eg faktisk til ære for min faste lesarskare (skriv ei som skriver blogg på 4. dagen :D )

Eg er vel ikkje så kjent for å fatte meg i kortheit :)
tenker ofte på Pål og Rune (faktisk!) som eg jobba fast med i 2 år på MS Prinsesse Ragnhild - dei vart jo drittlei av dei lange avhandlingane mine eg skreiv i vaktskifteboka:)
Så når læraren min på Mo jordbruksskule fint kommenterte innleveringsoppgava om grisungar: 
"fyldig og bra oppgåve, men du kan gjerne korte mykje ned - slitsomt å lese så masse...." Vart det applaudert av kollegane mine :)

Eg får prøve å ta ein kortversjon i dag, sidan det er over leggetid og alt :)

Så i dag er dagens dyr eit lite dyr :)

DAGENS DYR: 
 
Kjetta - som ho heiter :)
 Ho vart vel faktisk fødd på trappa heime hos meg, med Katrine som jordmor :D hahaha skulle hatt skjult kamera der da og ja! Katrine og dyr er liksom alltid komisk:) Og så oppdaterte ho meg flittig på SMS - eg var på sjøen på jobb:) Karrierekvinne som ikkje passa på "barna" sine :) 
Det var vel derfor ho fant ut det var mest stabilt å bu på garden når ho vart stor nok til å bestemme sjøl:) 

Det er Kjetta som er kattunge produsenten på garden - i lag med tante Bjarne. Han er på bildet over som kattunge:) 



Tante Bjarne og Kjetta et med alle fjordårets kattungar rundt:) 
Vi vart litt overraska i fjord når Hannkatten (som han heitte da:) kom å la seg i buret til Kjetta og ungane - og føda! to kattungar:) Derfor fekk han/ho navnebytte:) 

Dei var utrulig søte, mødrene låg i lag i eit lite reisebur med 6 kattungar:) Bytta på å gi suge og passe på dei! 
I år har begge vore i overkant produktive, no steller dei 2. kullet kver for sesongen. Og vi veit ikkje kor 
- så det vert nok noken redde kattar. Kattane har sjønt at trappa ikkje lenger er ei fullt så roleg fødestove med 2 smågutar springande forbi (og krabbande inni bura:) 

 
Men gutane er og kjekke å ha når dei har noko godt på lur :)

Eller når dei trenger barnevakt :)



Det er fortsatt over leggetid :) så får avslutte no så eg får kose meg litt med tal og klassar og rekne litt og sjå på slektskap - med slakteresultata :)
Tilskot/inntekts formel/reknearket mitt får vente til ein anna kveld:) 

GOD NATT GODT FOLK! :)

4 kommentarer:

  1. Fantastisk koslig lesning om livet og dyrene på gården. Keep up the good work :)) Hilsen Guffen ;)

    SvarSlett
  2. hehehe tusen takk Guffen! :) Epletreet står fortsatt å venter på deg :) Men no om dagen er det hjortane som trivest under det:)

    SvarSlett
  3. Du får bra jage dem bort fra treet mitt før jeg kommer på besøk :) For der skal jeg ligge i skyggen å slappe av og bli servert eplekake ;)Viktig at Guffen har plassen under treet sitt :)

    SvarSlett
  4. Ja Guffen må ha epletreplass :)

    SvarSlett