Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

onsdag 15. september 2010

Ein HEIL dag med latterkrampe

Eg hadde på følelsen at detta kom til å bli ein superduper dag :) Og det vart det! :) 
Skulle gjerne hatt kamera opp til fleire gonger :D 

Idag var dagen for å samle inn alle sauene vi har henta frå fjellet, vege kor tunge lamma er og sette dei som er tunge nok i ein eigen binge 
- klar til å bli henta av slaktebilen i løpet av dagen. 

Eg hadde avtala med Katrine om å komme å hjelpe meg hahahahha
Då er det stor fare for masse latter når vi held på - vi har i allefall arva same humoren :) 

DAGENS DYR: 

SAU :)
 Hehe ja ka kan ein sei om sau da:) 
Først kan eg avkrefte ryktet om at sauer er dumme! Det er dei IKKJE! 
Dei er flokkdyr! Jobber ein MED deiras instinkt - så går det så fint så:)
(og slakter dei som er umulige:) Det er jo sånn med dei som med...oss?! Noken er meir redde enn andre, og blir ikkje like fortrolige med oss menneske.... Phu no er eg fryktelig sauesnill her:) 
Eg syns iallefall det er veldig greit med ei rolig og fortrolig sauestamme - bruker som regel første levevinteren på å jobbe litt ekstra med det. 



Eit par år hadde eg det morro med å lære dei minste i sauefjøsen litt "sirkustriks" - mens eg gjekk blandt saulamma for å få dei vand med meg:) Når eg klappa meg på bringa hoppa dei så fint med frambeina opp på låra mine - og stod der - så fekk dei godis:) Men dei vart store etterkvert, og hugste fortsatt trikset - då sjønte eg at det kanskje var greit å slutte å lære dei det :)

Det fekk Katrine erfare idag :D HAHAHAHA
Vi hadde samla heile flokken på i underkant av 80 dyr, Katrine stod med mjølbøtta og alle sauene så fint samla rundt. Utenom eit lam som var laaaaaaangt av gårde. Eg sprang for å hente det. 
Når eg var på veg tilbake til flokken med lammet såg eg ikkje Katrine:) hehehe
Eg såg berre den store klumpen med sauer - akkurat idet eg nesten vart redd for.... 
Så stakk hove til Katrine opp midt blandt sauene - og så kom resten av kroppen :D 


Ho hadde no stått der med mjølbøtta - prøvde å verne den så godt ho kunne (og ho var veldig flink).
Sauene var galne etter å få tak i det, og dei yngste hoppa på ho i fra alle kantar:) Spesielt ei holdt rundt hoftene hennar med frambeina, holdt seg fast når Katrine prøvde å flytte seg. Når det da kom ei til fra sida så knakk Katrine sammen som ein sekk :) 
Låg på alle 4, med ein sau på ryggen, ein stod på beina hennas - og hadde masse mjøl framfor fjeset sitt :)
Ho testa ut sauelivet :D
Vi skulle såååå hatt det på film!!! :D 

Daniel med sauen sin :)

Vi fekk no inn sauene til slutt:) Med god hjelp frå Susanne:) Og så satte vi oss ned for å le ferdig :) 
Godt med gode naboa, Leif magne kom og - så eg og Katrine klarte oss ikkje heilt sjøl :) 
(og godt var vel kanskje det:) 

Mange store fine lam! Fornøgd med årets saueavling! Er ikkje alltid like lett å stå der å bestemme kem som skal dø og kem som skal leve. Men sånn er livet - om det er sauelivet eller bondelivet:) 

Så no blir det VELDIG spennande å sjå på nettet i morgon når dei vert slakta korleis resultatet blir :)
Det er eit skikkelig rush faktisk :) Spent på om ein har sendt dei rette, om det blir bra klasse på kjøtet, om dei er tunge nok og om ein har teke rette valga. Så kan ein lære til året etter - planlegge kva slekter ein skal satse vidare på og kva ein skal gjere annleis. Eg har nokon planar til endring allereie:) 
Gledar meg spesielt til den dag kjem når vi skal bygge om fjøsen, har mange planar der for korleis vi skal få det meir lettvindt i sauehandteringa:) 


Her er eit bilde av lam 00030 - Tommy - fra i vår:) Det var nabo Tommy som ar jordmor til sjarmøren:) 
Han var gigastor i vår og kjempestor i haust 66 kg:) Sukk! Han var utrulig menneskekjær og rolig! :) 




Ein søt liten familie i vår :) Lamma bruker mamman som madrass :) Ho vart litt skalla av behandlinga stakkar:) 
Håper dei slutta med det i løpet av sommaren :) 


Det får være nok for i dag, i morgon er ein ny dag, med nye prosjekter og utfordringar:)


4 kommentarer:

  1. HAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHA!!! :) tårene renner enda. skulle fortelle det til benny ista eg fikk ikkje fram et ord, satt berre å drog etter pusten. kanon dag. ;)

    SvarSlett
  2. HAHAHHAHA eg sjønte kem den anonyme var :) Kult du fekk til å kommentere:D Ja det var morro! Blir alltid det når eg dreg deg med på sånne dyreting:) hehe :) Sjekker Nortura heile tida no, er soooooooooooooo spent på resultata:) Men får vel ta å vaske litt hus i stadenfor å oppdatere den sida heile tida:)

    SvarSlett
  3. HAHAHAHAHAHAHA. vist eg e i dårlig humør hjelpe denne historien me ein gang. :) ler så tårene trille enda. :) eg trur eg må berre gjøre meg klar te ein ny sesong me sauer. :) KANON.

    SvarSlett